Hopp til innhold

 

Frakt 79,- | Fri frakt over 2000,-

 

Ny

Lucy Sweater

75,-

Lastes ned på din side

Informasjon

Denne genseren er perfekt utanpå ein kjole, buksedress eller ei kvitskjorte. Eller med singlet og jeans. Den har ein kort bol som er litt lenger bak, formstrikka raglanaukingar og valfri ermelengde. Hòlmønster framme på bolen og ein litt spesiell vrangbord og avfelling.

Strikk den med ein hovedtråd på 400 m pr 100 gram, ein fluffy følgetråd med 800 m pr 100 gr. Eller strikk den med dobbel tråd Silk Mohair. Med så tjukke pinner og tynt garn er det viktig at minst det eine tråden er fluffy slik at maskebildet fyller seg ut. Følgetråd som Alpakka følgetråd eller Angel Silver Lace blir ikkje bra.

Fordelen med så tynt garn på så tjukke pinner er for det første at genseren blir lett og med eit fint fall, det er ikkje tungt å strikke med så tjukke pinner når garnet er tynt, og du bruker veldig lite garn!

Størrelse:                                                        1 (2) 3 (4) 5

Overvidde på plagget:                                    88 (96) 104 (112) 120 cm

Garneksempel hovedtråd:                              HS Angel, HS Silver Sock, Angorakanin, eller tilsvarande garn med 400 m pr 100 g

Garneksempel følgetråd:                                HS Silk Mohair, HS Silk Mohair Bling, HS Angel Fluff eller tilsvarande fluffy følgetråd med 800 m pr 100 g

Bevegelsevidde:                                              Ca. + 10 cm

Garnmengde hovedtråd + følgetråd:              100 + 100 (100 + 100) 150 + 150 (150 + 150) 200 + 200 g

Garnmengde dobbel tråd HS Silk Mohair:     150 (150) 200 (250) 300 g

Pinne:                                                              Pinne 5,5 og 6 mm eller den du må ha for å få rett strikkefastheit

Strikkefastheit:                                                15 m pr 10 cm

Kommentarer

Relaterte produkter

Håndfarget garn & Strikkedesign